Stikk innom
”Stikk Innom” er Jondal Indremisjon sitt ungdomsarbeid.
Me har samlingar ca annankvar fredag kl 20- 23 på bedehuset. Det vil seia om lag 10 samlingar kvart halvår.
Fast leiarar: Lars Årvik, Eli Galtung Torsnes og Sigbjørn Strømme
I løpet av kvelden har me andakt, og det har vore bra med ungdommar også på dei, og det ser me svært positivt på. Lokale krefter vert nytta til å halda andakt, men det hender at me får vitjing frå Framnes eller andre som er på besøk i bygda og talar på møte.
Det har vore bra oppmøte på Stikk Innom ca 20 – 40 ungdommar pr. kveld.
Me har hatt forskjellige aktivitetar som Biljard, bordtennis eller berre sitja og snakka med vener og slappa av.
Det har vore sal av hamburgar, vaflar og brus.
Konfirmantforeldrene stiller opp og hjelper til med det praktiske. Noko som har vore til stor hjelp.
Sjå datoar under program!
(Klikk på bileta så vert dei større).


