Årsmelding
Jondal indremisjon
5627 Jondal
Årsmelding - 2010
Gode indremisjonsvener !
Eit nytt år har avløyst eit gammalt. Det er tid for å sjå attende. Også i 2010 fekk Jondal Indremisjon stå i teneste for misjonens Herre; for born, unge og vaksne. Ei varm takk til alle leiarane våre som er trufast i kallet år etter år og gjer ei stor teneste. Takk til alle som held misjonsarbeidet opp gjennom forbøn og som støttar arbeidet økonomisk. Men først og fremst vil takksemda vår retta seg til vår Herre og oppdragsgjevar for at Han vil bruka oss i si heilage teneste.
I siste nr. av ”Sambåndet” har Kenneth Foss sitert versa i Jesaia 55.10-11: ”Liksom regnet og snøen fell ned frå himmelen og ikkje fer opp att dit, før dei har vatna jorda og gjeve henne grorkraft og grøde, ja, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta, så er det med mitt ord, det som går ut or min munn. Det vender ikkje tomt tilbake til meg, men gjer det eg vil, og fullfører det eg sender det til”.
Han skriv vidare: ”Vi som driver kristent barne- og ungdomsarbeid skal være opptatt av å se etter frukt i vårt arbeid samtidig skal vi ikke gi opp om vi ikke ser frukten der og da. Mange har gitt opp fordi de så ikke frukten av arbeidet. Disse versene og vitnesbyrdene forteller at Guds ord venner ikke tomt tilbake. Det fører til noe i en tilhørers liv. Men det kan ta tid.
Dette er et viktig bibelsk perspektiv å ha på tjenesten vår ved starten av i et nytt år der mange barn og unge vil komme i kontakt med Guds ord.”
Ja, dette er og eit viktig og tanke vekkjande perspektiv for oss i Jondal Indremisjon. I mange år har vi drive barne- og ungdomsarbeid. Vi kan ha våre tanker korleis Gud skal nå menneske, men berre Gud sjølv kan gjera under og skapa trua. Me er berre tenarar i Guds rike som kan leggja til rette slik at nye kan vinnast for Kristus.
Lat oss setja mot i kvarandre. Som indremisjonsfolk har vi eit kall og oppdrag frå Gud å utføra i vårt folk. Vi har ein visjon om å skapa varme og inkluderande kristne felleskap og vinna nye for Jesus og gjera dei til Hans disiplar. Her har vi kvar einskild eit ansvar. Kvart menneske er umisteleg for Gud og fortapt utan Jesus. Då blir det stort og meiningsfylt å vera med i arbeidet, enten det er mellom born/unge eller vaksne. Vi har ulike oppgåver, men står saman i eit felles kall.
Aktiviteten har vore mykje den same dette året som føregåande år. Vi kan gle oss over bra frammøte på tilskipingane våre også i 2010. Særleg gjeld dette ungdoms – og barnearbeidet. Born og unge frå heile kommunen vår kjem til samlingane, mange foreldre er velvillige og hentar og bringer. Me får mange positive tilbakemeldinga frå foreldre og andre at dei set pris på det frivillige arbeidet indremisjonen utfører.
For vaksne har me helde fram med samlingar og med talar/andaktshaldar både lokalt og utanfrå. Frammøte held seg om lag på same nivå som tidlegare. Men hugs bibelordet: Lat oss ikkje halda oss borte frå samlingane, når Guds ord vert forkynnt. Det er ekstra rikt og oppmuntrande når me er mange som høyrer ordet samstundes, Dette styrkjer det kristne samhaldet. Lillian Skippervik og Helge Gunnar Byrkjeland har vore til god hjelp som gode lokale forkynnarar også dette året. Me er svært takksame for deira medverknad.
Me har og hatt samtale – og bønemøta nokre sundagskveldar. Bøn og samtale er viktig for heile arbeidet vårt. Møta vert kunngjort og er ope for alle.
Elles legg me vekt på at alle samlingar i bedehuset skal vera opne for dei som ynskjer å høyra Guds Ord og at alle skal føla seg velkomne.
Truskap mot Guds ord
Ser vi på situasjonen i landet vårt og mykje av det som skjer på det åndelege området, kan det gje grunn til uro.
Det at mange står frimodig fram med angrep på Guds ord og rettleiing i strid med det som Gud har openberra i Ordet sitt, viser tydleg at det er nødvendig å ha ein bibeltru organisasjon som Indremisjonen. I desse tider, er viktig å halda oppe indremisjonsarbeidet.
Medlemstalet i Jondal Indremisjon i 2010 har vore om lag det same som året før. Betalande medlemer i 2009 var 39. Mange som støttar arbeidet gjev inspirasjon til leiarane våre som står på aktivt i tenesta år etter år. Men det er eit bøneemne at det kan bli fleire aktive leiarar i tenenesta og å fordela oppgåvene på. Ikkje minst gjeld dette ”Stikk innom”og ansvar for møteleiing.
Det har vore følgjande møte i bedehuset med talarar utanfrå:
Febr. 19.-21.: Jens Tveit IMS
Mars: 13: Samemisjonen v/
Mars: 19-21: Toralf Steinsland, IMS
April:11: Sundagsskulesamling – Talar Ingvard Hageberg
Mai: 28.-30.: Oddvard Ådland + ungdomar frå Blomsterdalen ung.forening
August 29.:Opningsfest: Kåre Johan Hamre IMS
September: 1.-2.: Indre Sjømannsmisjonen v/
19.: Temakveld – Paul Odland, NLA ”Hans Nielsen Hauge”
Oktober: 22.-24.: Aksel I. Johannesen IMS
29.-31.: Oddvar Risøy NLM
November: 11.: Samemisjonen v/
26.-28.: Olav Dørdal + ungdomar frå Loddefjord menighet
:
Festar på bedehuset:
Påskefest: Talar Ingebrigt Sørfonn og song/musikk ved Ove B. Danielsen
17.mai fest: Andakt ved Lillian Skippervik
Familiejulefest 3.dag jul: Talar Arne Opsahl-Engen
Basarar:
Bedehusbasaren den 25.09. Andakt ved Øystein Ådland
Bruttoinntekt: om lag kr 56 000,-
Julemesse: Den 27.11. Andakt og boksal ved Liv Rolfsnes. Bruttoinntekt om lag
kr. 65 000,- + boksal om lag kr.10. 000,- til inntekt for Bokhandelen på Stord.
Faste tilskipingar:
”Sundagsmøte” – nokre sundagskveld i skuleåret (samtale og bøn), dersom det ikkje har vore møte sundag føre-/ eller ettermiddag eller tilskipingar i Kyrkja.
Ving kvar tysdag i skuleåret (eiga melding vert lagt fram på årsmøtet)
”Stikk innom” omlag kvar 14.dag i skuleåret (jfr.eiga årsmelding)
Leiarar for Ving:
Liv Helga Gulestøl, Haldis Bakke, Barbro Søilen, Astrid Byrkjeland,
Bente Torkildsen, Olav Storesletten og Lars Flatebø.
Leiarar for ”Stikk innom”:
Svein Andre Ausland (hovudansvarleg) , i slutten av året Svein Johan Bakke.I tillegg har etternemnde vore leiarar: Sigbjørn Strømme, Lars Aarvik, Eli Galtung Torsnes og Astrid Byrkjeland.
Komite for Julemessa:
Haldis Bakke - Liv Helga Gulestøl, Berit Kråkevik og
Svanhild Sollesnes.
Vedlikehaldsarbeid av bedehuset:
Oppsetjing av nettinggjerde mot sør og asfaltering mot inngangsparti. Noko malararbeid utvendig , frostsikring av vassleidning og vedlikehald/kontroll av el.anlegg.
Økonomi:
Totalt er rekneskapen for 2010 gjort opp med eit overskot på
kr. 38 651,49.
I direkte pengegåver til bedehuset/kollektar er det kome inn om lag
kr. 10 000,- i 2010.
Til Indremisjonen er det kome inn om lag 37 000,- i gåver/ medlemspengar og om lag kr. 26 000,- i kollektar gitt på møteveker og einskild møter.
Gåver til Indremisjonssamskipnaden:
Det er sendt gåver frå tilskipingar der talarar frå Samskipnaden har delteke og noko i tillegg, tilsaman kr. 33 000,-
Styret vil retta ei stor takk til trufaste gjevarar. I 2. Kor. 9,7 heiter det: ”Kvar må gje det han har sett seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.”
Internettsida til Jondal Indremisjon har vore i drift sidan 2007. Dette er viktig når det gjeld å nå ut med informasjon om misjonen. Nettsida har informasjon om kva som skjer på bedehuset og annan info. Nettadressa er: www.jondalindremisjon.no
Redaktør er Helge Gunnar Byrkjeland . Styret takkar Helge Gunnar for arbeidet.
Utleige av bedehuset:
Minnestund i samband med 1 gravferd.
Jondal sokneråd i samband med konfirmantarbeid
Loddefjord menighet – konfirmantgruppe
Blomsterdalen ungdomsforening (bedehuset) .
Årsmøte i Jondal KrF og nokre styre- og gruppemøter.
Produsentmøte – TINE.
Styret takkar serleg følgjande personar for tenesta:
Reinhald: Sofie Flatebø
Utleige av huset og vaktmeisterteneste: Egil Strømme
Føring av rekneskapen og betaling via nettbank: Berit Byrkjeland
Revisjon av rekneskapen: Valter Osmo
I styret (også styre for Jondal bedehus) har desse vore med;
Svein Johan Bakke – formann
Liv Helga Gulestøl – nestformann
Astrid Byrkjeland
Kirsten Svåsand
1. varam.: Lillian Skippervik
2. varam.: Eva Pettersen Myrlid
3. varam.: Helge Gunnar Byrkjeland
4. varam.: Annbjørg Selsvik Strømme
Styret har hatt 8 styremøte i 2010 og handsama 50 saker. Tilsvarande tal for 2009 var 8 styremøte og 50 saker.
Styret vil takka hjarteleg alle som har delteke i indremisjonsarbeidet.
Gud velsigne dykk alle!
Svein Johan Bakke
- formann -
Årsmøte godkjende årsmeldinga samrøystes.
Jondal, den 09.02.10.


