Andakt

Print

Av Helge Gunnar Byrkjeland

Jesaja 55,6: “Søk Herren medan han er å finna, kalla på Han den stund Han er nær.”

Her høyrer me at me må søkja Herren medan han er å finna. Er ikkje Gud alltid å finna?

Det står ikkje slik her. Guds ord lærer oss at dersom Han ikkje kallar oss ved sin Heilage Ande, så har me korkje vit eller forstand til å søkje Han. Rom. 3,11: “Det finst ingen som er forstandige, det finst ingen som spør etter Gud.”

Me menneske av i dag oppfører oss ofte som livet er ein restaurant. Mangt kan verka så enkelt. Det er liksom berre å knipsa med fingrane , så skal kelneren koma. Men slik må me ikkje tenkja om Gud. Han er ikkje som ein kelner som me berre kan knipsa med fingrane til, så skal Han gjera etter våre tankar og påfunn. Derfor står det altså: “Søk Herren medan han er å finna..” Før vart det ofte snakka om noko som heiter forherding. I dag høyrer ein sjeldan det ordet. Forherding tyder at ein har stått i mot Guds kall så lenge at det ikkje er råd å verta vekt åndeleg tala. Ei alvorleg sak vert ikkje mindre alvorleg om ho vert neglisjert.

For vel 100 år sidan heldt ein forkynnar møte i heimbygda mi. Han fortalde om ein stad der det hadde vore vekkjing og om at det var menneske som vende om til Gud. Ein ungdom kjende også på kallet, men han utsette det å verta ein kristen. og stod på den måten i mot kallet. Og når ein står imot, så går det gjerne over etter ei tid. Det vart fortalt at eit par veker seinare, låg denne ungdomen for døden. Eg hugsar ikkje om det var p.g.a. sjukdom eller ulykke. Men han hadde i alle høve nok med seg sjølv og fekk seg ikkje til å spørja etter Gud då. Han hadde ikkje søkt Gud då Han var å finna. Denne forteljinga vart så alvorleg for ein som sjølv var ung på den tida. Og det er gjennom denne mannen frå mi heimbygd at eg kjenner historia. Han fekk forresten eit langt liv saman med Jesus.

Til slutt vil eg gjerne koma med ei anna historie med ein litt annan utgang. Det var ein gammal mann som også låg for døden, og dottera hans var komen heim for å ta farvel. Så står ho attmed senga og veit omtrent ikkje kva ho skal seia. Så ho får stamma fram: “Du tenkjer vel på Gud no, far?” Så kjem det stillt frå den gamle. Nei, no tenkjer eg ikkje mykje på han. Men eg veit at no tenkjer Han på meg. Han hadde fått si sak med Gud i orden på eit tidlegare tidspunkt. Derfor var han trygg. Han hadde søkt Herren medan han var å finna. Kanskje hadde det vore for seint på dødsleiet?
I Forkynnaren 12,1 står det: “Tenk på din skapar i ungdomsdagane før dei vonde dagane kjem og det lid til dei dagane då du lyt seia: Eg likar dei ikkje.

Eller som Elias Blix seier det med tema frå det same bibelordet: Ja, tenk på Gud i ungdomsår, før deg dei vonde dagar når som du må ille lika. Det kjem ein dag så kald og tung, då vert det vondt å venda om og frå det vonde vika..

Derfor: Søk Herren medan Han er å finna. Kalla på Han en stund Han er nær.

Amen

 

Designed by Free Joomla Templates